hits

Blogg

Korleis skal Europa forsvare seg?

 

 

Innleiing til Civitas frukostmøte 01/12/2015: "Hvordan skal Europa forsvare seg?"

 

Vi lever i sårbare samfunn. Og det er skremmande og frykteleg å tenkje på at ein fundamentalist kan spasere rett inn i eit lokale ein heilt vanleg fredag, fyre laus med automatvåpen og kaldblodig ta myrde fleire menneske.

 

Slik det skjedde i ein abortklinikk i Colorado Springs like før helga. Dette var for øvrig det 73. vellukka åtaket på ein abortklinikk i USA sidan 1997.

 

Eg nemner dette no i starten for å minne oss alle om at terrortrugsmålet mot våre vestlege demokrati kjem frå ulike ekstreme kantar, og ulike fundamentalistiske ideologiar og religionar. Det kan også vere verdt å minne om at talet på drepne og skadde i terroråtak i Europa heldigvis har gått jamnt nedover sidan 70-talet, sidan det har blitt mindre nasjonalistisk terrorisme av typen IRA og ETA. Men det har blitt meir religiøs terrorisme. Og 2015 blir det året med flest drepne i terroråtak sidan i 2004.

 

Det er er all grunn til å vere djupt uroa over trugsmålet vi no står overfor. Terroristane i Paris er ikkje einsame ulvar, som vår eigen Anders Behring Breivik. Dei er del av ein profesjonell terrororganisasjon, ein organisasjon som kontrollerer eit stort territorium like utanfor Europas grenser.

 

Vi er under åtak, og vi må forsvare oss. Og når eg seier oss, er det eigentleg to ting vi må forsvare. Vi må forsvare våre innbyggjarar. Men vi må også forsvare våre verdiar. Dei liberale, vestlege demokratia sin store styrke er først og fremst verdiane våre. At vi ser menneske som individ, ikkje grupper. At vi trur på religionsfridom. Meiningsfridom. Forsamlingsfridom. At vi hegnar om personvernet. At staten er avgrensa. Og at retten til eit liv i fred og fridom er universell.

 

Det er ingenting som set desse verdiane under sterkare press, enn at folk er redde. Og når folk er redde, har såkalla handlekraftige politikarar ein tendens til å setje til side mange viktige verdiar, for å forsvare dei same verdiane. Ironisk nok. Det vere seg innføringa av patriot act i USA etter 11. september, tre månadars unnatakstilstand i Frankrike etter Paris-åtaka, eller datalagringsdirektivet etter bombene i Madrid. Viss vi vil bu i eit fritt samfunn, har vi ei plikt til å forsvare verdiane det frie samfunnet er bygd på.

 

Denne gongen er eg også uroa for noko anna. Og det gjeld synet vårt på «dei andre». I retorikken til ein del politikarar, og i synet til ein del veljarar, er flyktningar og terroristar i ferd med å smelte saman. Fleire flyktningar frå Syria er like større terrorfare. Ja, kven veit eigentleg kven som skjuler seg i dei synkeferdige båtane på veg mot Lesvos? I går var det folkemøte på Askøy utanfor Bergen. Der var folk redde, og sinte, og ville ikkje ha terroristar til sitt nabolag.

 

For det første: Dei som stod bak udådane i Paris var ikkje flyktningar frå Syria. Dei var radikaliserte, unge menneske frå Frankrike og Belgia.

 

For det andre: Mange av dei som flyktar frå Syria, og er ein del av den største flyktningakatastroen sidan andre verdskrigen, flyktar ikkje på vegner av IS. Dei flyktar frå IS. Vi har den same fienden.  Og om denne fienden gjennom terroråtak mot oss sørgjer for at vi snur ryggen til menneska som flyktar frå dei, vil det vere den djupaste og mest tragiske ironi.

 

Så langt om det vi ikkje skal gjere. Men kva er det så vi skal gjere? Vel, for det første er det heilt tvingande nødvendig å få Schengen til å fungere. Å ha passfridom mellom 26 statar er først og fremst ein enorm styrke for Europa, ikkje minst symbolsk. Men også reint praktisk: For næringsliv, for pendlarar, for studentar, for migrantar.

 

Men Schengen fungerer ikkje godt nok i dag. For eit grensesamarbeid er berre å sterkt som si svakaste yttergrense. Og berre så trygt som si svakaste tryggingsteneste. Då hjelper det ikkje at grensa mot søraust er lekk som ein sil, og at ein by som Brussel ? med den berykta gettoen Mollenbek ? er delt inn i 18 kommunar, med seks ulike politistyrkar. Utan å gjere dette til ein debatt om kommunereform.

 

Vi treng eit sterkare og meir friksjonslaust politisamarbeid. Fleire av terroristane i Paris var til dømes godt kjent av høvesvis belgisk og fransk politi. Og vi treng sterkare kontroll rundt Schengens yttergrense ? noko EU-kommisjonen for øvrig har bedt om sidan 2001, utan at medlemslanda har ville lytte. Frankrike vil no ha ei felles grensestyrke, finansiert av alle 26 Schengen-land. Dette er ein god idé.

 

Så til slutt, kva gjeld sjølve IS: Det er ikkje ein sivilisasjonskamp vi er inne i. IS er ikkje Sovjetunionen eller Hitler-Tyskland. IS er ein farleg terrororganisasjon, som har klart å klore seg til eit territorium i ein forferdeleg ustabil region.

 

I vekene etter Paris-terroren, har Vestlege leiarar brukt mykje tid på å snakke om at vi er i «krig», og på å vise at vi står saman i alliansar. Det er kanskje vel og bra. Men dersom de les siste utgåva av Dabiq, propagandamagasinet til IS, er nesten kvar side via alle alliansane som står opp mot dei. Obama og Erdogan på framsida, Hollande og Putin nokre sider seinare, Iran, Irak, Bashar Al-Assad, Angela Merkel. IS blir ikkje redde av at verda snur seg mot dei, dei blir styrka i si historieforteljing om at dei lever i ei endetid der dei skal stå opp og lide martyrdøden i ein siste kamp for Allah mot dei vantru.

 

Når eg ser videoane til IS. Der dei høgg hovudet av journalistar. Raserer oldtidsbyar. Lemlestar gissel, norske gissel. Ja, så blir eg rasande. Eg får lyst til å sende ned det vi har av militære styrker og bombe dei tilbake til middelalderen. Og så bombe dei litt til. Men så kjem eg på at dei allereie lever i middelalderen. Og at dei gøymer seg blant sivile.

 

Og nokon kan fortelje meg kva vi bør bombe for å utslette IS, så skal eg vere den første til å trykke på knappen. Problemet er berre at vi har bomba i eit år allereie. Utan særleg anna effekt enn å bremse ekspansjonen i territorium, men så visst ikkje i rekruttering, inntekt og ikkje minste terror-rekkevidda.

 

For dei som såg Skavlan på fredag, så var det eit usedvanleg interessant intervju med journalisten Nicolas Henin, som var fanga hos IS i 10 månadar og kjenner området og krisa godt. Dette er kva han sa på slutten av intervjuet:

«Dei som vinn krigen i Syria, blir ikkje dei med dei største våpena, eller dei mest avanserte våpena, eller dei dyraste våpena. Det blir den som får det syriske folket på si side. (...) Ved å bombe Syria så driv vi i stor utstrekning og framandgjer det syriske folket for oss, og skyv dei i hendene til IS. Situasjonen er den at vi ikkje kan auke bombetoktene, fordi det vil tene IS sin agenda. Men vi kan heller ikkje tre tilbake og slutte å bombe. Fordi då vil IS erklære siger. Så dette er definisjonen på eit dilemma. Vi er fanga.»

Er vi så heilt utan alternativ?  IS må nedkjempast militært. Men det må nedkjempast av dei lokale, ikkje av Vesten. Det vi kan gjere, er å vere ei endå sterkare støtte for irakiske og kurdiske styrkar gjennom spesialstyrkar på bakken, gjennom trening, gjennom strategisk luftstøtte med meir. Alt dette kan vi gjere meir av. Og bør vi gjere meir av. Men ingen skal tru at det er ein garanti for suksess, at det vil gå over fort, eller at det vil bli enkelt. IS blir vanskelege å øydeleggje. Men det bør vere endå vanskelegare å øydeleggje våre grunleggjande verdiar. 

Sju grunnar til at eg stemmer Venstre på måndag

Somme tykkjer kanskje det er rart at ein stortingsrepresentant skal grunngje kvifor han stemmer på partiet sitt. Og det kjem neppe som ei overrasking at eg stemmer Venstre også i år. Men før kvart val brukar eg like fullt å setje meg ned og tenke nøye gjennom kvifor eg stemmer som eg gjer. Når ein er medlem i eit parti er det fort gjort å adoptere alle partiet sine standpunkt på automatikk, og bli det som gjerne vert kalla ein partipapegøye. Eg forsøker i det lengste å ikkje vere slik, og det vil nok alltid vere spørsmål der eg ikkje er einig med partiet mitt. Her er likevel dei sju viktigaste grunnane til at eg stemmer Venstre også i år, og kvifor eg meiner du bør gjere det same. For ordens skuld ikkje i prioritert rekkefølgje. Somme av spørsmåla er delvis nasjonale, men dei fleste er viktige i kommunevalet dei aller fleste stadar i landet.

 

1) Miljø og skule først

Venstre har mange saker vi er opptekne av. Men gjennomgåande prioriterer lokalpolitikarane våre to saker høgare enn andre: Miljø og skule. Dette meiner eg er klokt. Å sikre ein ambisiøs miljøpolitikk i form av strenge utsleppskrav, ambisiøs kollektivutbyggjing og tilrettelegging for grønt næringsliv handlar for det første om fridomen til dei som lever i dag. Fridomen til å puste inn rein luft. Fridomen til å kome seg rundt utan å eige bil. Men det handlar ikkje minst også om fridomen til dei som kjem etter oss: Klimakrisa er det mest alvorlege trugsmålet mot framtidige generasjonar sin velferd, og det er vår fordømte plikt å få ned utsleppa det vi maktar.

Når det gjeld skulepolitikk, er dette kanskje kommunane si aller viktigaste oppgåve. Å sørgje for at den oppveksande slekt får høve til å nå sitt fulle potensiale i livet. At alle born, uavhengig av bakgrunn, får ein best mogleg start. At alle vert utrusta med kunnskapen og dugleikane dei treng til å ta velinformerte og kloke val for sitt liv. Sjølv om mange gjer ein heltemodig innsats, er den norske skulen langt frå god nok. Dette er rett og slett det viktigaste området å prioritere for ein lokalpolitikar, og det kjenner eg meg trygg på at venstrefolka som stiller til val i min kommune og mitt fylke kjem til å gjere.

 

2) Flyktningkrisa

Vi opplever no den verste flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Millionar av menneske er på flukt, og dei druknar og vert kvelte langs EUs yttergrenser. Langs våre yttergrenser. Vi har eit ansvar for å hjelpe, ganske enkelt fordi vi ville ønskt at andre hjalp dersom vi sjølve var i same situasjon. Venstre har pressa fram på Stortinget at det årlege inntaket av kvoteflyktningar vart auka frå 1500 (2014) til 2000 (2015) til 3000+ (2016 og vidare). Også i eit lokalval er flyktningpolitikk viktig. Tusenvis av menneske sit på mottak og ventar på busetjing i kommunane, og eg veit at venstrefolk alltid står i fremste rekke for sørgje for at kommunane finn bustad og arbeid til så mange dei klarer. I min eigen heimkommune Eid har Venstre mellom anna auka opp flyktningemottaket monaleg sidan vi vann valet i 2011. Vi treng politikarar som tenkjer utover Noregs grenser også når vi skal velje kommunestyre.

 

 

3) Sosialt hjartelag

Venstre er eit parti som gjennomgåande viser omtanke for dei som slit, og som meiner at sosiale problem skal løysast med sosiale verkemiddel, ikkje straff. Det er ikkje tilfeldig at Venstre er det einaste partiet på Stortinget som stemte mot både sexkjøpslova og tiggeforbodet. Vi trur ikkje på renovasjonspolitikk der problem er ute av verda så snart dei er ute av gatene. Politiet si oppgåve bør ikkje vere å jage samfunnets pariakastar frå gatehjørne til gatehjørne. Politikarane si oppgåve bør vere å legge til rette for at folk kan kome seg ut av uønskte livssituasjonar gjennom gode og tilpassa hjelpetilbod, fritt for moralisering og fordømming. Det er difor ikkje tilfeldig at det er Venstre i dei store byane som har gått i front og fått gjennomslag for å prioritere å etablere sprøyterom, akuttovernattingstilbod for tilreisande  med meir. Livet er ikkje alltid heilt A4, og då kan ikkje politikken vere det heller. Eller som Venstres slagord seier: Folk først.

 

4) Vilje til å prioritere

Det enklaste ein kan gjere som politikar, er å love meir til alt. Særleg når ein er i opposisjon er dette ei paradegrein. Dei siste to åra har til dømes Arbeidarpartiet m. fl. vore skeptiske til dei kutta som vi gjennomfører i statsbudsjetta, men sjølvsagt positive til alle aukar i utgifter. Til dømes var dei veldig imot at vi slutta å subsidiere selfangst med 15 millionar i året, men veldig for at pengane vart brukt på betre lærarar. Vel, pengar kan berre brukast ein gong. Sjølv om Venstre heller ikkje er perfekte, meiner eg at vi stort sett er tydeleg rundt omkring i kommunane på kva vi prioriterer og kva vi ikkje prioriterer. I min kommune har til dømes Venstre vore veldig tydelege på at vi prioriterer kvalitet i skulen, og vil unngå kutt i denne sektoren, men er heller opne for å effektivisere andre stadar. Når ein stemmer på politikarar som prioriterer alt, stemmer ein i realiteten på politikarar som prioriterer ingenting.

 

5) Uavhengigheit frå særinteresser

Venstre er ikkje eit interesseparti som vart skipa for å tilgodesjå ei særskilt sosial klasse, ei særskilt yrkesgruppe eller ein særskilt religion. Venstre er eit idéparti, som jobbar for eit samfunn der kvar enkelt kan realisere sitt fulle potensiale. Det er sikkert hyggjeleg å ha mektige interessegrupper i ryggen, særleg i ein valkamp. Men kva gjer dette med uavhengigheita folkevalde bør ha til å sjå alle sider av ei sak etter valet? Kor uavhengige er eigentleg Arbeidarparitet frå LO når dei mottek millionar i valkampstøtte frå dei? Misforstå meg rett, det er hyggjeleg med gode allierte. Og Venstre jobbar saman med interesseorganisasjonar når vi har felles standpunkt, til dømes saman med miljøorganisasjonane og sjømatnæringa når vi kjempar for å hindre gruvedumping i Førdefjorden. Men vi held like fullt organiserte interesser på ei armlengdes avstand når det gjeld direkte innverknad på politikken. Vi har mandatet vårt frå veljarane våre, og gjer oss ikkje avhengige av enorme pengeoverføringar frå organiserte interessegrupper eller bedrifter.

 

6) Liberal tilnærming til politikk

Politikarar har ein lei tendens til å meine at vi veit best. Både fordi vi trass alt sit med mykje informasjon, og fordi vi stadig møter ei forventning frå veljarar og media om å «fikse ting». Å svare media og andre med at «veit du kva, dette bør faktisk folk ta ansvar for sjølv» er rett og slett ikkje eit akseptert svar. Og du vil nesten aldri høyre ein politikar seie det. Problemet at ofte så er livet og samfunnet svært komplisert, og berre fordi ein har eit svar er det ikkje nødvendigvis eit godt svar. Dette vart illustrert godt i satireprogrammet Yes Minister: «He's suffering from politician's logic: Something must be done. This is something. Therefore we must do it». Av og til kan faktisk også politiske svar på alvorlege utfordringar, som kriminalitet, få svært negative konsekvensar. Berre sjå på velviljen mange parti viser for å overvake internett og gje politiet flest mogleg verktøy til å følgje med på korleis vi lever liva våre, koste kva det koste vil. Å ha ei varsam haldning til politiske inngrep i folk sine liv, til å krevje inn for høge skattar, til å avstå frå å definere kva som er den beste måten å leve livet sitt på, er både liberalt og klokt. Av og til er faktisk det beste svaret å gje folk fridom til å ta sine eigne val, noko som både fører til nøysemd og ansvarleggjering.

 

7) Kommunesamanslåing  

Dette valet er avgjerande for den framtidige kommunestrukturen i Noreg. Stortinget har sett i gong ei reform med betydeleg vilje til nasjonal styring (det er heilt nødvendig), men dersom kommunane nektar blir det vanskeleg å få gjort noko som helst. Dette vil sikkert Senterpartiet meine er ein god grunn til å stemme på dei. Eg meiner det er ein god grunn til å stemme på Venstre. Vi har vore tydeleg i årevis på at større og sterkare kommunar er heilt nødvendig for å sikre sterkare fagmiljø, betre velferdstilbod til folk og ikkje minst reell demokratisk styring over viktige lokalpolitiske oppgåver. Så har venstrelag rundt omkring i landet ulikt syn på kva som er best for sin kommune, men når eg reiser rundt opplever eg ei gjennomgåande positiv innstilling til å tenkje nytt. Spørsmålet om kommunesamanslåing handlar ikkje om korleis ting skal vere dei neste fire åra, men korleis vi vil ha det dei neste 50 åra og kva vi trur er best for vår region. I min region (Nordfjord) er eg ikkje i tvil om at svaret er å jobbe saman, ikkje mot kvarandre.

 

 

... Så det blir nok Venstre i år også. Eg får vel legge til at eg har gleda av å stemme på dyktige Alfred Bjørlo som ordførar i Eid, og dyktige Gunhild Berge Stang som fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Det betyr sjølvsagt også mykje. I tillegg til å setje deg inn i kva dei ulike partia står for, sjekk også ut kven som stiller til val i ditt lokalsamfunn. Du skal trass alt ikkje berre ta stilling til alle moglege saker ved eit val, du skal også velje ein representant som kan ta stilling til nye saker på dine vegner dei neste fire åra. Då er det viktig at det er folk du stolar på, og om deler dine verdiar og dine haldningar.

 

Godt val!

 



 

 

 

 

LO-millionar til propaganda

I amerikansk politikk har ein såkalla super PACs, som brukar millionar på propaganda for dei politiske partia. Også i Noreg har vi ein slik super PAC: Den heiter LO.

 

Det er ikkje berre dei politiske partia som driv valkamp. Også LO har sine eigne valkamparrangement, der dei deler ut politisk materiell. I førre lokalvalkamp brukte til dømes LO-organisasjonen Fagforbundet meir på sin valkamp for dei raudgrøne enn kva Høgre og Frp brukte på valkamp til saman.

 

I år deler LO ut brosjyren «Din stemme teller». Der blir dei politiske partia satt opp i eit «støtter/støtter ikke»-skjema, og vi får sjå kva dei ulike partia meiner om faste tilsetjingar, eit seriøst arbeidsliv, drift av velferdstenester med meir. Eller rettare sagt: Kva LO meiner at partia meiner. Ingen av partia har blitt spurt.

 

I brosjyren er det sjølvsagt lagt opp slik at Arbeidarpartiet støttar alle LO sine krav. Slik det var i den førre valkampbrosjyren til LO. Og den før der igjen. Med tanke på at LO har fast plass i Aps sentralstyre, og gir partiet millionar i valkampstøtte, er dette kanskje ikkje så rart. Men det kunne til dømes vore interessant om LO stilte spørsmålet «vil partiene svekke eldre arbeidstageres oppsigelsesvern»? Her måtte nemleg Ap svart ja, sidan dei stemte mot då Stortinget i vår heva oppseiingsvernet frå 70 til 72 år. Men dette er kanskje ikkje så interessant for veljarane å vite.

 

Når ein les brosjyren til LO, får ein derimot vite at dei borgarlege partia «ikke støtter» et seriøst arbeidsliv. Rett nok har regjeringa lagt fram ein stor pakke mot arbeidslivskriminalitet, noko LO ikkje finn det for godt å opplyse om. Det avgjerande er visst at dei borgarlege partia har gått inn for å fjerne «kollektiv søksmålsrett» - ein smal søksmålsadgang som vart innført av dei raudgrøne i 2013, mot store protestar frå det juridiske miljøet, og som aldri har blitt nytta med hell i ein rettssal. Er du mot denne, som til dømes Advokatforeningen og Justisdepartementet, er du altså mot eit seriøst arbeidsliv.

 

Dei borgarlege partia er også «mot» faste tilsetjingar. Dette fordi ein på Stortinget har gitt opning for å tilsetje midlertidig på generelt grunnlag i opp til 12 månadar, i tillegg til opningane som finst frå før for mellom anna vikarar og prosjektstillingar. Samstundes har dei borgarlege partia sørgja for at ein har rett til fast jobb etter tre år, ikkje fire som i dag, og bedt staten stramme inn bruken av mellombelse stillingar i staten. Som er verstingen på dette. Likevel er ein altså mot faste tilsetjingar.

 

Det som er felles for spørsmåla LO har «stilt» partia, er at dei handlar om nasjonal politikk og avgjersler som vert tekne på Stortinget. Dei har ikkje noko med lokalvalet å gjere. Så kan ein kanskje innvende at ein kommune eller fylkeskommune kan velje å berre tilsetje fast, og ikkje nytte adgangen som den nye arbeidsmiljølova gir til mellombels tilsetjing. Det er rett. Men då dette forslaget kom opp i til dømes Nordland fylkeskommune, stemte Arbeidarpartiet mot. Så då er spørsmålet: Vil LO tilrå at eg stemmer Ap i Nordland, eller ikkje?

 

Partia som har blitt tillagt meiningar av LO har reagert sterkt på dette. Til dømes har KrF-leiar Knut Arild Hareide sagt til NRK at «mye av det som står her er direkte galt. De kan ikke tillegge oss standpunkter vi ikke har». LO forsvarar seg med at «medlemmene våre må sjekke hva politikerne i sin kommune mener». Å dele ut tusentals brosjyrar med misvisande informasjon, og skrive med lita skrift at veljarane bør sjekke opp sjølve kva som eigentleg er rett, er ikkje berre uprofesjonelt. Det er propaganda.

 

LO er ein viktig organisasjon som i det store og heile bidreg konstruktivt til norsk arbeidsliv, og tar ansvar for viktige reformer og ansvarlege lønsoppgjer når det er nødvendig. Men eg har ingen illusjonar om kva LO driv med når det er valkamp. Då har dei éin einaste jobb: Å gjere Arbeidarpartiet sin oppslutnad størst mogleg. Koste kva det koste vil. Som forfattaren Mark Twain ein gong sa: Aldri la sanninga stå i vegen for ei god historie.

Den store trygdemyten

Trygdeeksport er det perfekte politiske angrepsmål. Ein kan vere tøff mot innvandrarar, EØS og trygd på éin gong. Problemet er berre at vi snakkar om ei problemstilling som er blåst ut av alle proporsjonar.

 

Den nye trenden i europeisk politikk, i alle fall i rike land, er å gå til angrep på såkalla velferdsturistar. Både i Danmark, Tyskland og Storbritannia har leiande politikarar brukt harde ord mot innvandrarar frå andre EU-land som belastar velferdssystemet, og tek med seg velferdsrettar når dei flyttar heim igjen.

 

Også i Noreg har leiande politikarar satt denne problemstillinga på dagsorden. I Dagens Næringsliv 21. november åtvara Jens Stoltenberg mot trygdeekport generelt, og eksport av kontantstøtte spesielt. 27. november tok Jonas Gahr Støre opp den same problemstillinga i Stortingets spørretime. Finansminister Siv Jensen uttalte: «Trygdeeksport er en svært krevende problemstilling som regjeringen er svært opptatt av. Vi vil se på alle tiltak som kan begrense dette». Også arbeidsminister Robert Eriksson har vore på bana, og tok 4. november til orde for å prisjustere dagpengar, kontantstøtte og barnetrygd som vert sendt ut av landet.

 

Spørsmålet om trygdeeksport er på mange måtar det perfekte politiske angrepsmål, kanskje særleg for den populistiske høgresida. Ved å snakke om trygdeeksport kan ein gi inntrykk av å vere tøff mot velferdssnyltarar, og samstundes vere innvandrings- og EØS-skeptisk. Eit skikkeleg kinderegg, med andre ord.

 

Spørsmålet er likevel: Kor stort er dette problemet eigentleg? Sidan våre leiande politikarar med eitt har blitt så opptekne av dette, må det jo vere snakk om store summar. Eit trugsmål mot velferdsstaten, nærast. Vel, dette syner seg å vere ei sanning med modifikasjonar. Eg har bedt Stortingets utgreiingsseksjon sjå på fordelinga av ulike trygdeyytingar som går til utlandet, og i dagens DN presenterer eg tala.



I 2012 var den totale trygdeeksporten, det vil seie velferdskroner som blir sendt ut av landet, på om lag 6 milliardar kroner. Ein rimeleg stor sum. Nesten like mykje som rekninga etter månelandingsprosjektet på Mongstad. Men det kan vere nyttig å nemne at 78 prosent av dei som mottek trygd i utlandet er alderspensjonistar. Blant desse er ikkje berre norske statsborgarar den største gruppa, dei er fleire enn alle andre nasjonalitetar til saman. Det meste av den såkalla trygdeeksporten går altså til Ola og Kari Nordmann som nyt pensjonstilveret på den spanske solkysten. Noko seier meg at det ikkje er denne gruppa Siv Jensen hadde i tankane når ho vil «se på alle tiltak som kan begrense dette». 

 

Korleis er det med andre ytingar, då? Vel, ein kan sjølvsagt skremme med at 600 utlendingar i utlandet mottek arbeidsavklaringspengar (under 1 prosent av dei samla utbetalingane). Eller at 24 millionar kroner blir eksportert i form av dagpengar - heile 0,22 prosent av totalen. Men noko seier meg at det ikkje er eigna til å skremme nokon.

 

Kva så med kontantstøtta, som - så ofte elles - er den fremste prügelknaben? Vel, i mars 2013 var det totalt 20.385 personar som mottok kontantstøtte. 748 av desse var utlendingar med born busett i eit anna EØS-land. 2/3 av desse igjen var polske statsborgarar. Typisk ein polsk snekker som jobbar i Noreg, men mottek kontantstøtte til bornet som er heime i Polen. Det er mykje kritisk som kan og bør seiast om kontantstøtte. Men at 3,7 prosent (ned frå 3,9 prosent i 2013) går til utanlandske born, er neppe det verste. Sjølv om vi snakkar om ein skremmande totalsum på anslagsvis 30 millionar kroner. Om lag like mykje som skattebetalarane brukar på å drifte kronprinsparet.

 

Sjølvsagt er det eit mål at færrast mogleg skal gå på trygd. Sjølvsagt er det eit mål at alle, også utlendingar, skal vere i nyttig arbeid. Men samanlikna med dei enorme verdiane og veksten innvandrarar i Noreg bidreg med gjennom arbeid i byggenæring, reiseliv, helsevesen og andre sektorar, er den såkalla trygdeeksporten eit minimalt problem. Og neppe verdt å kaste vekk mange politiske kaloriar på.

 

Det vi derimot burde snakke om, er velferdsstatens berekraft på lang sikt. Vi burde snakke om at vi er omtrent det einaste landet i verda som tilbyr 100 prosent løn ved sjukdom, noko som gjer at vi har det høgaste sjukefråveret i heile OECD-området - med årlege utgifter tilsvarande fem gonger meir enn all trygdeeksport. Eller at vi har ei rådyr AFP-ordning som effektiv undergrev hensikta med pensjonsreformen. Eller at A/S Noreg om tre stortingsperiodar vil starte å gå i minus, grunna mindre petroleumsinntekter og fleire eldre.

 

Men desse verkelege utfordringane er nok langt vanskelegare å diskutere enn trygdeeksport. Det er trass alt ikkje snakk om utlendingar. Og forslag til endringar kunne jo faktisk føre til at nokon med stemmerett vart sure.

 



 

 

 



 

Snowden er en viktig varsler

Mannen som lekket hemmelige oppysninger om omfattende overvåkning i USA frykter han vil bli utlevert og straffet. Unge Venstre mener Norge bør åpne for å gi han asyl.

I et intervju med den britiske avisa The Guardian avslørte Edward Snowden (29) at det var han som lekket opplysningene om etteretningsorganisasjonen National Security Agency (NSA). Opplysningene om hemmelig overvåkning har skapt mediestorm over hele verden.

 

Snowden befinner seg i Moskva, men frykter utlevering til USA. Han har søkt om politisk asyl i en rekke land, deriblant Norge.

 

Å varsle om denne typen omfattende overvåking medfører en enorm risiko. Ved å ta snowdens asylsøknad på alvor, sender Norge et tydelig signal om at det er viktig for verdenssamfunnet at man kan varsle om maktmisbruk og overvåkning uten å frykte for sin egen sikkerhet.

  

Det angår oss alle

 

Normalt må man befinne seg på norsk jord eller ved Norges grenser for å kunne søke asyl. Imidlertid finnes det unntak. Utlendingsloven åpner for at blant ambassader eller internasjonale organisasjoner kan anmode om at søknader blir behandlet, selv om søkeren befinner seg i utlandet. I 2007 fikk rundt 15 personer innvilget opphold i Norge på denne måten. I går varslet også den norske PEN-klubben at de vil benytte sin initiativrett til å kreve realitetsbehandling av saken til Snowden.

 

Når amerikanske myndigheter etter sigende driver utstrakt overvåkning av sosiale medier som Facebook, og e-posttjenester som Gmail, angår ikke det bare USA. Det angår oss alle. Derfor bør vi være glade for at Snowden gjorde det han gjorde, og bør i det minste vurdere seriøst om det er mulig å gi han beskyttelse her i Norge.

 

Omfattende overvåkning

 

Den amerikanske varsleren sier han offentliggjorde de topphemmelige opplysningene for å gi offentligheten muligheten til å vurdere USAs overvåking. Etter å ha jobbet i en årrekke for amerikansk etterretning, ble han gradvis overbevist om at han var vitne til noe som ikke kunne forsvares. I følge The Guardian skal NSA ha drevet omfattende og hittil ukjent overvåking av både dataservere og telefoner. I helga avslørte også det tyske magasinet Der Spiegel at EUs utenriksstasjoner i New York og Washington har blitt overvåket av amerikanerne.

 

I vår tidsalder, med omfattende bruk av internett, sosiale medier og telefoni, er det i prinsippet mulig å danne seg et komplett bilde av en persons liv ved hjelp av innsamling av data. Når teknologien ikke lenger setter grenser for overvåkning, må politikerne sette grenser for teknologien. At amerikanske myndigheter tilsynelatende har latt overvåkingen gå over alle støvleskaft, gir grunn til å stoppe opp og tenke.


Avsløringene fra USA bør også være en vekker for den hjemlige politiske debatten. De siste årene har vi sett en utvikling også her i Norge der stortingsflertallet har jobbet for stadig større inngrep i folks privatliv, blant annet gjennom datalagringsdirektivet og utvidelse av politets overvåkningshjemler. Nå er det på tide at vi stiller oss på riktig side av historien, og styrker kampen for personvernet.